Slik gjer du mobilen tryggare på 10 minutt

Foto/kilde: Nkom
Mobilen
din kan vere full av appar som veit meir om deg enn du trur. Cyberekspert i
Nkom åtvarar mot skjult sporing, falske appar og tilgangar du aldri burde ha
gitt.
11.11.2026
Mobilen
har blitt det mest personlege vi eig. Han inneheld bilete, meldingar,
kontaktinformasjon og tilgang til ei rekkje viktige tenester. Derfor er han òg
eit attraktivt mål for kriminelle.
– Du bør
vere kritisk til kva appar du bruker, og kva slags tilgangar dei får, seier
cyberekspert Alexander Braaten i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom).
Han peikar
særleg på appar for sosiale medium, som til dømes TikTok, Facebook og
Instagram.
– Slike
appar kan registrere kvar du er, korleis du oppfører deg, kva du klikkar på, og
kven du er i kontakt med. Det betyr ikkje at appen i seg sjølv er skadeleg, men
du bør vere bevisst på kor mykje personleg informasjon du faktisk gir frå deg.
Braaten
åtvarar særleg mot appar som ber om tilgangar som eigentleg ikkje er
nødvendige.
Viss ein lommelykt-app vil ha tilgang til kontaktane dine, eller eit enkelt spel ber om tilgang til kamera og mikrofon, bør varsellampene blinke.
Alexander Braaten
Utanfor appbutikkane aukar
risikoen
I oktober
blei Nkom ROS 2026 lagd fram. Her blir cybertrusselen framleis vurdert som den
mest alvorlege trusselen mot digital infrastruktur. Same månad heva også
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) det nasjonale cyberrisikonivået frå moderat til
høgt.
Også som
mobilbrukar er det derfor viktig å vere bevisst på kva du lastar ned, og kva
tilgangar du gir appar på telefonen. Risikoen kan vere større når appar blir
lasta ned utanfor App Store og Google Play.
– Appar
frå uoffisielle eller ukjende kjelder kan innehalde skadeleg programvare. I
verste fall kan det gi kriminelle tilgang til både passord, meldingar og
kontoar, seier Braaten.
Han
understrekar likevel at appar frå offisielle appbutikkar ikkje automatisk er
trygge.
– Derfor
er det viktig å undersøkje kven som står bak appen, og kva tilgangar han ber
om.
– Har du
lasta ned ein app du har ei dårleg magekjensle på, er det som regel ein grunn
til det. Då bør du vurdere å slette han, legg Braaten til.
– Bruk ti
minutt på mobilen din i dag. Slett det du ikkje bruker, fjern tilgangar du
ikkje er komfortabel med, og oppdater resten. Små grep kan gjere mobilen mykje
tryggare.
Cybereksperten
sine råd til app-opprydding:
1.
Gå gjennom tilgangar
Sjekk under innstillingar og personvern kva appar som har tilgang til kamera,
mikrofon, bilete, kontaktar og posisjon. Fjern tilgangar som ikkje er
nødvendige.
2.
Slett appar du ikkje bruker
Gamle appar du ikkje lenger treng, kan framleis samle inn data eller utgjere
ein risiko dersom dei ikkje blir oppdaterte.
3.
Sjå kritisk på nye appar før du lastar ned
Sjekk kven som har laga appen, les meldingar frå andre brukarar, og ver merksam
på ukjende utviklarar og appar med få nedlastingar. Sjekk at tilgangane appen
ber om, passar med det appen skal gjere.
4.
Hald appar og mobil oppdaterte
Oppdateringar tettar kjende sikkerheitshol og gjer det vanskelegare for
kriminelle å utnytte svakheiter.
5.
Last berre ned frå offisielle kjelder
Bruk helst etablerte appbutikkar som App Store og Google Play, og bruk helst
lenkjer frå den offisielle nettsida til banken eller tenesta.
6. Ver skeptisk til lenkjer
Ikkje trykk på lenkjer berre fordi dei kjem via ein kjend app eller frå nokon
du trur du kjenner. Ver skeptisk til nedlastingslenkjer du får via SMS og
e-post.

Kommentarer
Legg inn en kommentar