Slik gjer du mobilen tryggare på 10 minutt
Foto/kilde: Nkom Mobilen din kan vere full av appar som veit meir om deg enn du trur. Cyberekspert i Nkom åtvarar mot skjult sporing, falske appar og tilgangar du aldri burde ha gitt. TILGANGSSJEKK: Gå gjennom hvilke tilganger appene dine har, og fjern de du ikke trenger. 11.11.2026 Mobilen har blitt det mest personlege vi eig. Han inneheld bilete, meldingar, kontaktinformasjon og tilgang til ei rekkje viktige tenester. Derfor er han òg eit attraktivt mål for kriminelle. – Du bør vere kritisk til kva appar du bruker, og kva slags tilgangar dei får, seier cyberekspert Alexander Braaten i Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Han peikar særleg på appar for sosiale medium, som til dømes TikTok, Facebook og Instagram. – Slike appar kan registrere kvar du er, korleis du oppfører deg, kva du klikkar på, og kven du er i kontakt med. Det betyr ikkje at appen i seg sjølv er skadeleg, men du bør vere bevisst på kor mykje personleg informasjon du faktisk gi...