Mobilen blei redninga – no vil han innføre ny fjellvettregel
Etter 17 timar i fjellet blei Morten Traavik og sonen funne med hjelp av mobilsporing. Traavik vil innføre ein ny fjellvettregel etter erfaringa.
Fra nrk.no
REDDA:
Morten Traavik og sonen vart overrumpla av vêrskifte i vestlandsfjellet. At
Traavik hadde mobilen med seg vart til stor hjelp for redningsmannskapet.
Foto:
Privat
– Ein av dei viktigaste lærdommane frå denne
opplevinga er at du skal aldri ta noko for gitt når det gjeld vêret i fjellet.
Morten Traavik snakkar av erfaring.
Det som skulle vere ein kort jakttur med sonen i
fjella aust for Matre i Vestland blei noko heilt anna enn han hadde tenkt.
Morten
Traavik vil at det skal innførast ein ny fjellvettregel, tilpassa den nye
verkeleghieta.
Foto:
Agnieszka Iwanska / NRK
– Det var
tåka som tok oss. Sidan vi berre skulle gå ein
ganske kort tur i som eg hadde kartlagt ganske bra dagen før, hadde vi ikkje
med oss hovudlykt eller fysisk kompass. Det kjem vi alltid til å ha med oss
framover.
Men mobilen hadde han med seg. Det kan ha redda
dei to.
Våte, kalde og utan dekning
Dagen før hadde Traavik gått i det same terrenget
med to jaktkompisar.
– Det var ein nydeleg fredag. Me er jo oppe på
omlag 1200 meters høgde, så det kjem nokre låge skyer som er der i to minutt,
og så er dei plutselege vekke igjen, seier Traavik.
Dagen før
hadde vore nydeleg, med eit lågt skydekke som kom og gjekk. Traavik trur han
kan ha båre med seg ei falsk tryggleik då tåka kom dagen etter.
Foto: Privat
Men denne laurdagen forsvinn ikkje skylaget.
Traavik og sonen er fanga i fjellet, omringa av tett tåke.
Dei gode kleda deira er lett match for
vestlandsvêret, og dei blir våte og kalde. Utan dekning er dei i tillegg
avskåre frå omverda.
Då mørkret sig på, bestemmer Traavik at dei må
søke ly. Med mobilen som lykt leiter dei etter ein lun, tørr flekk i terrenget.
Foto: Privat
– På eit tidspunkt tok eg opp
mobilen for lyse ein stad, og såg at det var tapt anrop frå 112. Samtidig
høyrde me i det fjerne eit helikopter.
Etter 12 timar utan dekning hadde mobilen til
Traavik allereie fortald hjelpa kvar dei var.
Mobilsporing
Helikopteret dei høyrde var det nye SAR Queen, som
har moglegheita til å spore mobiltelefonar utan dekning, og jamvel kontakte dei
dersom dei kan bruke 2G-nett.
Redningshelikopteret
SAR Queen vart innført på basen i Florø berre tre dagar før det hjalp i søket
etter Traavik og sonen.
Foto: Arne Stubhaug
Helikopteret har sidan 2020 vore fasa inn i norsk redningsberedskap fleire stader i landet.
Men teknologien var heilt fersk i Vestland denne våte oktoberkvelden – berre tre dagar tidlegare overtok Luftforsvarets 330-skvadron og helikopteret redningshelikopterbasen i Florø.
Hadde det skjedd tre dagar tidlegare hadde dei ikkje kunne blitt redda av den nye teknologien utan at det kom helikopter frå andre stader i landet, som uansett hadde kosta mykje tid.
Då Hovudredningssentralen (HRS) ba dei rykke rett
før midnatt, var det ugunstige flyforhold.
– Det var meldt tåke og det var isingsforhold, så
me tenkte at det her går i mobilsporet med ein gong. HRS gjorde alle
førebuingar for å gjere eit mobilsøk der nede, så alle formalitetar var
klargjorde, seier fartøy- og basesjef Erland Karlsen i 330-skvadron.
Mobile Phone Detection and Location system (MPDLS)
Vis meir
- Dette kalles utstyret som er i de nye
redningshelikoptrene, Sar Queen.
- Dersom en person som er savnet vil
Hovedredningssentralen kontakte Telenor/Telia/Ice for å få tak i
IMEI/IMSI-nummeret til telefonen til den savnede.
- Dette nummeret legges inn i
redningshelikoptertjenesten sine systemer, slik at sensoren straks
begynner å søke etter telefonen.
- Rekkevidden er ca 35 km, men den er
avhengig av «line of sight». Det vil si at dersom telefonen befinner seg
bak et stort fjell, så vil den ikke spores før helikopteret er i nærheten.
Dette løses blant annet ved å fly høyt, slik at «skyggene» til terrenget
blir minst mulig.
- Så snart helikopteret kommer i kontakt
med telefonen vil mannskapene få en posisjon. I tillegg kan de både sende
SMS og ringe telefonen.
- Dette kan gjøres selv om telefonen ikke
har dekning.
Kilde: Redningshelikoptertjenesten i Luftforsvaret
Eitt minutt etter at systemoperatør Maria Gald
sette i gang søket fekk dei treff på mobiltelefonen.
– Det er herleg når me finn dei. Ikkje minst å få
vite at dei har det bra – å høyre ei stemme som seier dei har det bra. Du veit
at det er kjipt, kaldt vêr, og det er nokon som er bekymra for dei, seier ho.
Vil ha ny fjellvettsregel
Med ein relativt nøyaktig posisjon på kor Traavik
og sonen hadde søkt ly gav mannskapet i helikopteret lyd til bakkemannskapet.
Etter nokre timar fann dei
Traavik og sonen skvisa saman på ein tørr flekk bak ein lutande fjellvegg. Dei
hadde då vore i fjellet i omlag 17 timar.
No vil Traavik at det skal innførast ein ny,
tiande fjellvettsregel, tilpassa den nye verkelegheita.
– Den skal vere følgande. Ta alltid med deg ein
fullada mobil og ein ekstra batteripakke. Og legg den gjerne, spesielt viss du
går i vestlandsfjella, i noko vasstett og snurp godt igjen, seier han.
Òg systemoperatøren som fann mobilen hans oppmodar
til å ha mobilen som fast følgjesven i fjellet.
– Ta med mobil, ta med batteripakke, og ha den
påskrudd. Det einaste me treng er at det er straum på mobilen og at han er på.
Så kan vi finne deg ved behov, og redde liv.
Kommentarer
Legg inn en kommentar