Kreften rammar tusen nordmenn i året – KI kan bidra til tidlegare diagnose
Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK Maria Gunnarsdotter Svedal– JournalistJournalist Vi rapporterer frå Haukeland sjukehus Den tredje vanlegaste årsaka til kreftdød i Noreg kan oppdagast av KI, viser ny studie. I dag får mange diagnosen for seint til at dei kan få behandling. En gruppe mennesker stikker hodet ut bak en ct-maskin KAN FÅ KI-HJELP: Forskarar ved haukeland har bidrege til den nederlandske studien. Frå venstre avdelingsdirektør ved radiologisk avdeling Ingfrid S. Haldorsen, overlege Marjolein Liedenbaum og professor ved avdeling for patologi Anders Molven. Nær tusen nordmenn får kreft i bukspyttkjertelen kvart år. Bukspyttkjertelkreft er vanskeleg å oppdaga og blant dei mest dødelege kreftformene. Ein ny internasjonal studie viser at kunstig intelligens kan bli eit avgjerande verktøy for å oppdaga sjukdommen tidlegare. – At me finn måtar å oppdaga bukspyttkjertelkreft tidlegare, trur eg vil vera naudsynt for at fleire skal overleva. I tillegg må...